Humberto Suazo
chilensk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Humberto Andrés Suazo Pontivo (fødd 10. mai 1981 i San Antonio i Valparaíso-regionen) er ein chilensk fotballspelar som har spela for det chilenske landslaget og for Real Zaragoza i spansk Primera Division, på lån frå det mexicanske fotballaget Monterrey.
Suazo har spelt for mange forskjellige chilenske fotballag. Han var toppskårar i den chilenske ligaen i apertura-turneringa i 2006 og 2007. I 2007 gjekk han frå den chilenske toppklubben Colo-Colo til Monterrey for 5 millionar dollar. Han vart toppskårar i clausura-sesongen i Mexico i 2008 og apertura-sesongen 2009. Han vart òg kåra til beste spelar i Mexico i apertura-sesongen i 2009. I januar 2010 gjekk han på lån til Real Zaragoza i Spania, med opsjon på kjøp.
Suazo debuterte for Chile sitt A-landslag i 2005. Han vart toppskårar i den sør-amerikanske VM-kvalifiseringa til fotball-VM i 2010 med 10 mål.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads