Hunua Ranges
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hunua Ranges er ei rekkje åsar søraust for Auckland på Nordøya på New Zealand. Dei dekkjer om lag 250 km², av dette er 178 km² verna område, og dei når ei største høgde på 688 moh. ved Kohukohunui. Auckland får mykje av vasstilførsla si frå reservoar i Hunua Ranges.
Skogane og åsane var i føreuropeisk tid nytta av maoriar for å skaffa mat, tømmer og som tilfluktsstad, men mindre for permanent busetnad. Området vart etter kvart kjøpt opp for å byggja ut vassforsyninga til Auckland, og seinare innlemma i dei regionale offentlege parkanlegga.
Åsane ligg om lag 50 km søraust for Auckland, ovanfor den vestlege breidda til havarmen Firth of Thames. Busetjinga er spreidd i området, det meste ligg innanfor grensene til Waharau og Hunua Ranges Regional Park. Somme kallar feilaktig området for Bombay Hills, men dette er i røynda ei mindre åsrekkje som ligg sørvest for Hunua Ranges.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads