Husavik

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Husavik (lokal uttale Husavikjo) er ei bygd og ferjehamn søraust på Huftarøy i Austevoll kommune. Husavik er knytt saman med Sandvikvåg i Fitjar kommune med ferjesambandet Husavik-Sandvikvåg. Bygda har også bussamband med resten av Austevoll kommune.

For byen på Island, sjå Húsavík.
Kjappe fakta Land, Fylke ...

Ein kan lesa om garden Husavik fyrste gongen i eit skriv frå 1563.

Husavik var ein av dei fyrste stadene i kommunen som hadde industriarbeidsplassar. Her vart det så tidleg som rundt 1910 etablert slepp og fabrikk for produksjon av båtmotorar av Aksel Olai Haukanes. Han utnytte fossekrafta frå elva som renn ned frå Husavikvatnet til å driva utstyret i fabrikken. Enno i dag finst det motorar som er produserte i Husavik.

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads