Hvaler kommune

kommune i Østfold From Wikipedia, the free encyclopedia

Hvaler kommune
Remove ads

Hvaler er ein kommune sørvest i Østfold fylke, ytst i Oslofjorden. Kommunen vert utgjort av 833 øyar, holmar og skjer (alle over 20 m²). Største tettstad er kommunesenteret Skjærhalden, som ligg på Kirkøy. Frå Skjærhalden til Fredrikstad er det om lag 28 km. Om sommaren mangedoblast innbyggjartalet om ein reknar med alle hyttegjestene. Den største primærnæringa er fiskeri (i 1990 var 8 % av 1452 yrkesaktive innan fiske). Største hamn på Hvaler er Utgårdskilen, som er den største fiskehamna aust for Lindesnes.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Kommunen har riksvegsamband (riksveg 108) til Fredrikstad. Sambandet vart bygd ferdig med fyllingar og bruer frå fastlandet til Asmaløy i 1971, og tunnel (3755 m lang, 120 m djup) under sundet Løperen vidare til Kirkøy i 1989. Det er båt- og ferjesamband frå Skjærhalden til Nordre Sandøy, Søndre Sandøy, Herføl og Lauer, og rutebåt til Strömstad i Sverige.

Remove ads

Større øyar og øygrupper

Folk frå Hvaler

  • Rolf Øivind Utgård, tidl. fagforbundsleiar, sakprosaforfatter

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads