Hyllestad kommune
kommune i Vestland fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads


Hyllestad er ein norsk kommune i Vestland fylke.
Kommunen grensar i nord mot Fjaler og i aust mot Høyanger. Sognefjorden dannar grense mot Gulen kommune i sør, mens Solund kommune ligg i sørvest. Hyllestad hadde 1268 innbyggjarar per 1.1.2023.[1]
Remove ads
Kjennemerke
Hyllestad har den siste tida vorte kjent for kvernsteinproduksjon, ein industri som var i drift i nesten 1000 år. Kvernsteinsproduksjonen vert for tida granska av folk frå Universitetet i Bergen.
Lihesten, eit landemerke på vestlandskysten er det høgaste fjellet i kommunen
Næringsliv
Industri, landbruk og sjøbruk har vore grunnlag for størsteparten av sysselsetjinga i Hyllestad. Hjørnesteinsverksemda er båtverftet Havyard Leirvik.
Kommunesoge
Hyllestad kommune vart skipa den 1. juli 1861 ved at Hyllestad og Øn sokn vart skilde ut frå Askvoll kommune og slegne saman med Bø sokn frå Lavik kommune.[2] Ved skipinga budde det 2475 personar i Hyllestad kommune.[3] I 1888 vart garden Krakken med 17 innbyggjarar overført frå Hyllestad kommune til Solund kommune.[4]
Hyllestad sokn og prestegjeld

Foto:
Egil Husabø
Hyllestad er eit kyrkjesokn i Sunnfjord prosti, og det var til 2004 eit prestegjeld. Prestetenesta i Hyllestad vert no leia av prosten i Sunnfjord prosti,[8] og prestegjeldet er nedlagt. Prestegjeldet vart danna i 1861 av sokna Hyllestad og Øn som vart overførte frå Askvoll prestegjeld og Bø som vart overført frå Lavik prestegjeld.[9] Fram til 2001 var det tre sokn i Hyllestad prestegjeld, Bø sokn, Hyllestad sokn og Øn sokn, men då vart dei tre slegne saman til eitt felles Hyllestad sokn.[10] Det er tre kyrkjer i soknet; Bø kyrkje frå 1868 på Bø ved Bøfjorden, Hyllestad kyrkje frå 1880 i Hyllestad ved Hyllestadfjorden og Øn kyrkje frå 1958 på Sørbøvåg på nordsida av Åfjorden.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads