Perikum

planteslekt From Wikipedia, the free encyclopedia

Perikum
Remove ads

Perikum (Hypericum) er ei planteslekt i perikumfamilien. Ho omfattar rundt 450 artar, mest urter med motstilde blad og gule blomar.

Kjappe fakta

Blada har oljekjertlar som viser seg som lyse prikkar når ein held dei mot lyset.

I Noreg finst det fem viltveksande perikumartar. Dei vanlegaste er firkantperikum (H. maculatum) og prikkperikum (H. perforatum).

Perikumbrennevin er eit gammalt universalmiddel i Noreg. I helsekostsamanheng blir perikumpreparatar ofte selde under namna «johannesurt» eller «perikumolje».

Remove ads

Kjelder

«perikum» (25. januar 2017) i Store norske leksikon, snl.no.


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads