Idrettsforeningen Hellas

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Idrettsforeningen Hellas er eit idrettslag heimehøyrande i Drammen. Laget vart stifta 28. oktober 1917 og er aktivt med i friidrett og orientering. IF Hellas arrangerte NM i friidrett 1962 og NM i friidrett 2001 på Marienlyst stadion.

Soge

Johan Støa sikra Hellas sitt fyrste MM-gull då han vann 10000-meteren under NM i friidrett 1924. To år seinare vart Støa tildelt Egebergs ærespris, noko Bjarne Bryntesen òg fekk, etter mellom anna NM-gull i tikamp i 1935. Flest NM-titlar for Hellas tok Bjørn Thorkildsen med sine fire topplasseringar i høgdehopp i perioden 19551960.

Orienteringssporten har stått på lagsprogrammet sidan 1939. Ole Skramstad vart norsk meister i 1949 og Erik Engebråten hevda seg nasjonalt på 1960-talet.

Remove ads

Utøvarar

  • Johan Støa, langdistanseløpar. Tildelt Egebergs ærespris i 1926.
  • Bjarne Bryntesen, mangekjempar og skihoppar. Tildelt Egebergs ærespris i 1935.
  • Ole Skramstad, orienteringsløpar. Tildelt kongepokal i 1949.
  • Bjørn Thorkildsen, høgdehoppar. Tildelt kongepokal i 1955.
  • Andreas Larsen-Nyhus, noregsmeister i stavhopp 1958.
  • Kjellfred Weum, noregsmeister i 110 meter hekk 1963 og 1964.
  • Jan Torgersen, noregsmeister i 400 meter hekk 1974.
  • Torstein Brox, noregsmeister på 1500 m i 1982.
  • Espen Borge, noregsmeister på 800 m i 1984.
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads