Den internasjonale arbeidsorganisasjonen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO: International Labour Organization) er eit byrå i Dei sameinte nasjonane som yrkjer med arbeidssaker. Organisasjonen har hovudkvarter i Genève i Sveits.

ILO har 187 medlemsland. Målet er å «fremja sosial rettferd og internasjonalt anerkjende menneske- og arbeidsmarknadsrettar».[1]
Remove ads
Soge
Organisasjonen vart grunnlagd i 1919 igjennom Versaillestraktaten,[2] og var fram til enden av andre verdskrigen ein del av Folkeforbundet. I dag yrkjer ILO etter Philadelphia-erklæringa, som vart vedteken i 1944. I desember 1946 vart ILO den fyrste særorganisasjonen til SN.[3]
Organisasjonen vann Nobels fredspris i 1969.
Generaldirektør
ILO har sekretariat i Genève, og vert leidd av ein generaldirektør som vert vald for fem år av gongen. Den 25. mars 2022 vart den tidlegare togolesiske statsminister Gilbert Fossoun Houngbo valt til ny generaldirektør i ILO.[4]
Lista over ILO sine generaldirektørar sidan etableringa i 1919 er som fylgjer:[5]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads