IPhone 6S

From Wikipedia, the free encyclopedia

IPhone 6S
Remove ads

iPhone 6S og iPhone 6S Plus (marknadsførte som iPhone 6s og iPhone 6s Plus) er smarttelefonar som var designa, utvikla og marknadsført av Apple. Dei utgjer den niande generasjonen iPhone. Telefonane vart annonserte 9. september 2015, i Bill Graham Civic Auditorium i San Francisco av administrerande direktør i Apple, Tim Cook, og utgjevne i utvalde land den 25. september 2015, som etterfølgjarar til iPhone 6 og iPhone 6 Plus. Apple heldt fram med å lansere telefonane i andre land verda over ut oktober og november 2015. iPhone 6s-modellane vart etterfølgde av iPhone 7 og iPhone 7 Plus i september 2017.

Kjappe fakta Produsent, Operativsystem ...

iPhone 6S har ein liknande design som iPhone 6, men med oppdatert maskinvare, som sterkare innfatning, oppgradert prosessor, eit kamera på 12 megapikslar og ein forbetra fingeravtrykkskanner. Telefonen introduserer òg ein funksjon kjent som «3D Touch», som tillèt trykksensitiv innputt på peikeskjermen.[1]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads