IPhone 8

From Wikipedia, the free encyclopedia

IPhone 8
Remove ads

iPhone 8 og iPhone 8 Plus er smarttelefonar designa, utvikla og marknadsført av Apple Inc. Dei utgjer den ellevte generasjonen iPhone-telefonar og vart annonserte 12. september 2017, samtidig med den meir drustelege iPhone X, i Steve Jobs Theater i Apple Park-kampusen. Telefonane vart utgjevne 22. september 2017, som etterfølgjarar til iPhone 7 og iPhone 7 Plus.

Kjappe fakta Produsent, Operativsystem ...

iPhone 8-modellane introduserer ei bakside av glas, men elles er designane lik tidlegare modellar. Nytt er mellom anna moglegheit for induktiv lading, raskare prosessor og forbetra kamera og skjermar. iPhone 8 og iPhone 8 Plus har det meste av den indre maskinvaren felles med iPhone X.

Telefonane fekk blanda mottaking. Kritikarar roste at induktiv lading var lagt til og den nye Apple A11-prosessoren, men kritiserte den aldrande designen på telefonane.[1]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads