Papirstorleik

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Papirstorleik blir standardisert etter ISO 216. Standarden definerer ei rad med storleikar, der ei endring frå eitt tal til neste større tal inneber ei halvering av den lengste sida, som om ein brettar arket midt på langsida.

Thumb
Proporsjonar

Eksempelvis er A4-papir 210 × 297 mm, og A5 er 148 × 210 mm.

Eit A0-ark måler éin kvadratmeter. Papirvekt blir rekna slik at eksempelvis 80 g-papir er papir der eit A0-ark veg 80 gram. Eit A4-ark av 80-g printerpapir veg såleis 5 g (det går 16 A4-ark på eit A0-ark).

A- og B-formata høver med metersystemet; A0 fyller ein kvadratmeter, mens B0 er ein meter på kortsida.

For konvoluttar finst ei C-rekke, som er utforma slik at ein kan leggje det tilsvarande A-papiret inn i konvolutten. Ein C5-konvolutt passer derfor til eit A5-ark eller eit bretta A4-ark.

Dei internasjonale standardane for papirstorleik blir brukt over det meste av verda, men i mindre grad i amerikanske land.

Remove ads

Internasjonale papirstorleikar (ISO 216)

Thumb
Illustrasjon av ISO A-format
Meir informasjon Namn, Storleik (mm) ...

Når man ser bort frå tilpassing som følgje av avrunding, kan papirstorleiken i dei tre hovudseriane bli rekna ut av ein matematisk formel:

Meir informasjon , ...
Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads