Icelandair
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Icelandair er det nasjonale flyselskapet til Island. Icelandair er det største flyselskapet på Island med eit omfattande rutenett til byar i Norden, Europa og USA.
Treng oppdatering |

Icelandair blei stifta i 1973 ved ei samanslutning av dei to konkurrerande islandske flyselskapa Flugfélag Íslands og Loftleiðir.
På grunn av den geografiske plasseringa til Island har Icelandair og tidlegare Loftleiðir dratt nytte av dette og gjort Keflavík til ein transittlufthamn for passasjerar frå USA til ulike byar i Europa. Denne verksemda står for omtrent 50 % av det heile. Som ein ekstra bonus blir passasjerane tilbode eit kortare opphald i Reykjavík til fordelaktige prisar.
Icelandair er eit av 13 selskap under «FL Group» (tidlegare kalla Flugleidir Icelandair Group). Konsernet er sentralt i den raskt veksande islandske turistindustrien som omfattar Icelandair, Icelandair Cargo, Icelandair Hotels, Air Iceland, Iceland Travel, Reykjavik Excursions, Icelandair/Hertz, Icelandair Ground Services, Icelandair Technical Services, Loftleidir-Icelandic and Icelandair Shared Services.
Den 23. oktober 2005 kunngjorde FL Group overtakinga av det danske lågprisselskapet Sterling Airways.
I tillegg har Icelandair 16,18 % eigardel i det britiske selskapet easyJet.
Remove ads
Flypark
Flåten til Icelandair består av følgjande fly (pr. april 2005):
- 11 Boeing 757-200
- 1 Boeing 757-300
- 1 Boeing 767-300
Den 28. februar 2005 teikna Icelandair ein kontrakt for to stk. Boeing 787 til levering i 2010 med opsjon på ytterlegare fem fly. (ref: Air International April 2005)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads