Ignimbritt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ignimbritt er ein bergart som er danna ved avsetning og konsolidering av oskesuspensjonar som oppstår ved eksplosive vulkanutbrot av sterkt gasshaldige magmaer. Bergarten inneheld striper, band og lenser av forskjellig materiale. Vanlege stoff i bergarten er fragment av pimpstein og glas. Bergarten er ofte sterkt samansveist i botn av dei enkelte straumane.

I Noreg kjenner ein til ignimbrittar frå permtida i Oslofeltet.
Remove ads
Kjelder
«ignimbritt» i Store norske leksikon, snl.no.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads