Iisalmi

From Wikipedia, the free encyclopedia

Iisalmi
Remove ads

Idensalmi, finsk Iisalmi, er ein bykommune nordaust i landskapet Norra Savolax (finsk Pohjos-Savo) i Finland. Kommunen, som er einspråkleg finsk, har eit landareal på 872,2 km² og i kring 21 000 ibuarar. Vel 109 km² av arealet er dekt av vatn, byen er omgjeven av innsjøsystema Saimen og Päijänne.

Kjappe fakta Land, Areal ...

Kyrkja er frå 1627, byen Idensalmi fekk bystatus i 1891. Tre innsjøruter møtest i byen, som også er knutepunkt for Savolaxbana og jarnbanene til Ylivieska og Kontiomäki. Næringslivet omfattar fleire industriar og eksportbedrifter; mellom anna sagbruk, metallindustri og Olvi bryggeri. Fleire museum ligg i byen, mellom dei Arabia si kaffikoppsamling, bryggerimuseum, naturvitskapleg museum, poststempelmuseum, lokalhistorisk museum og Juhani Aho-museet.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads