Industrisamfunn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Industrisamfunn kan vera ei nemning på eit land, område eller kontinent som er industrialisert, eller på eit lokalsamfunn som er bygd opp rundt ei eller fleire industriverksemder. I eit slikt samfunn arbeider dei fleste innan industrisektoren. Industrisamfunn kan sjåast som eit overgangsstadium mellom eit jordbrukssamfunn og eit tenestesamfunn der tenesteyting er dominerande.

Dei første industrisamfunna oppstod i Storbritannia på 1700-talet, sjølv om enkelte gruveområde og liknande (til dømes i Bergslagen i Sverige) var stader bygd opp på industriell verksemd. På 1800-talet og 1900-talet spreidde industrialismen seg til andre delar av verda.
Remove ads
Sjå òg
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads