Inga Márjá Steinfjell
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Inga Márjá Steinfjell er ein samisk journalist og medievitar.[1]

Ho voks opp i Kautokeino, men familien har bakgrunn frå Namsskogan i Trøndelag. Ho snakkar nordsamisk og sørsamisk flytande.[2]
Steinfjell har verka som som produsent og programleiar for program om samiske tilhøve for Sveriges Radio.[3] Ho har også laga talkshowet Steinfjell & Steinfjell, send på svensk P2, Sameradion og NRK Sámi Radio, i lag med systera Máret Steinfjell.[4][2] I 2016 vann dei den nordiske språkprisen Gollegiella for showet, som ifølgje utdelarane «på kort tid er blitt en liten språkrevolusjon og en viktig del av språkrevitaliseringen i det sørsamiske området.»[5]
Steinfjell har også arbeidd på Samiskt språkcentrum ved Det svenske sametinget.[6] Sidan 2019 har ho vore leiar for Samisk arkiv i Kautokeino.[3]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads