Ingrid av Danmark
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ingrid av Danmark (fødd Ingrid Victoria Sofia Lovisa Margareta 28. mars 1910–7. november 2000) var ei svensk prinsesse og dansk dronning som ektefelle av Frederik IX frå 1947 til 1972. Ho var mor til den danske dronninga Margrethe II.
Remove ads
Liv og virke
Bakgrunn
Ingrid var fødd på Stockholms slott som prinsesse av Sverige. Ho var den einaste dottera til kong Gustaf VI Adolf av Sverige og den første kona hans, Margaret. Ingrid var berre ti år då mora døydde, og tre år seinare gifta faren seg opp att med Louise Mountbatten.
Ekteskap med kronprins Frederik av Danmark
24. mai 1935 gifta prinsesse Ingrid seg med den danske kronprinsen Frederik. Vigselen fann stad i Storkyrkan i Stockholm.
Kronprinsparet fekk tre døtrer:
- Prinsesse Margrethe av Danmark (f. 1940), dronning Margrethe II av Danmark
- Prinsesse Benedikte av Danmark (f. 1944)
- Prinsesse Anne-Marie av Danmark (f. 1946), dronning Anne-Marie av Hellas
Dronning
20. april 1947 døydde kong Christian X av Danmark, og Frederik blei kong Frederik IX av Danmark med Ingrid som dronning. Sidan det nye kongeparet ikkje hadde nokon søner, måtte lova endrast i 1953. Lova gav òg kvinner arverett til trona, men likevel etter eventuelle brør. Dette medførte at prinsesse Margrethe blei tronfølgjar i staden for onkelen sin, prins Knud.
14. januar 1972 blei dronning Ingrid enke. Dottera hennar blei regjerande dronning med namnet Margrethe II.
Dronning Ingrid skulle leva livet som enke i nesten tretti år. Denne tida brukte ho særleg på familien sin, som med tida blei talrik. I tillegg til Margrethe sine to søner fekk Benedikte tre barn med den tyske ektemannen sin, medan Anne-Marie, som blei dronning av Hellas, fekk heile fem barn. Dronning Ingrid rakk òg å oppleva å bli oldemor.
Kjelder
Litteratur
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads