Ingvill Måkestad Bovim
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ingvill Måkestad Bovim (fødd 7. august 1981) er ein norsk friidrettsutøvar frå Odda.
Ingvill Måkestad representerte fyrst IL Korlevoll i Odda fram til 2007 då ho meldte overgang til Idrettsklubben Tjalve i Oslo. I 2010 bytte ho lag til IL Gular i Bergen. Ho er utdanna ernæringsfysiolog, og er gift med Frode Bovim.
Ingvill Måkestad Bovim har noregsrekorden for 800 m for kvinner. Den blei sett 1. september 2010 i Zagreb, og er på 1.59,82. I juli 2010 sette ho ny personleg rekord på 1500 m i Paris.[1] Ho sprang på 4.04,22, og det gjer henne til den nest-raskaste norske 1500 m-løparen, bak Grete Waitz. Ho deltok også på EM i friidrett 2010 i Barcelona den sommaren.
I november 2010 vart ho tildelt prisen som årets kvinnelege utøvar av skipinga Friidrettens Venner.[2] Ingvill Måkestad Bovim har også gjeve ut boka Spis Smart – en kokebok for unge idrettsutøvere.[3]
Ingvill Måkestad Bovim vart vald ut til OL-troppen til sommar-OL 2012 i London. Ho var i svært god form, men måtte trekkja seg den 5. august på grunn av ein alvorleg akillesskade.[4]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads