Inta
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Inta (russisk Инта́) er ein by i republikken Komi i Russland med om lag 20 000 innbyggjarar. Han ligg 700 km nordaust for Syktyvkar. I sovjettida låg det ein Gulag-leir her.
Under byen finst store førekomstar av kol og den første busetnaden var ei gruppe geologar som kom hit i 1940. Den andre verdskrigen skapte eit prekært behov for energi og gruveindustrien vart utvikla i rekordfart. Det same gjaldt den nye jernbanelinja som gjekk via Inta til Vorkuta. Alti 1943 gjekk dei første toga med kol til den omleira Leningrad. Bystatus kom i 1954. Namnet «Inta» kjem frå elva Inta som renn gjennom byen.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads