Interpolasjon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Interpolasjon er ei utrekning av verdiane til ein funksjon mellom verdiar som alt er kjend. Dersom dei søkte verdiane ligg utanfor intervallet som dei kjende verdiane utgjer, vert det kalla ekstrapolasjon.
- Denne artikkelen handlar om interpolasjon i matematikk. For omgrepet i språk, sjå interpolasjon i filologi.

Ved interpolasjon er det ein føresetnad at funksjonen ein undersøker har eit nokolunde jamt forløp. Det enklaste tilfellet, som òg vert nytta mest i praksis, er å rekne kurva i intervallet som ei tilnærma rett linja, kalla lineær interpolasjon. Men ein kan òg oppnå betre resultat ved å legge ein parabel, kubisk kurve eller liknande gjennom dei kjende punkta.
Remove ads
Kjelder
- interpolasjon. (2011-11-28) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/interpolasjon/matematikk
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads