Ipswich Town

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Ipswich Town Football Club er ein engelsk profesjonell fotballklubb frå Ipswich i Suffolk. Klubben skal i 2009/10-sesongen spela i Football League Championship, det 2. nivået i engelsk fotball, der dei har spelt sidan dei rykte ned frå Premier League i 2002. Klubben blei stifta i 1878 og blei vald inn i The Football League i 1938. Kallenamnet til klubben er "The Tractor Boys" - (Traktorgutane), og dei spelar heimekampane sine på Portman Road i Ipswich, som ligg om lag 13 mil nordaust for London. Eit av dei klassiske lokaloppgjera i engelsk fotball er kampane mellom Ipswich Town og klubben frå nabobyen, Norwich City.

Kjappe fakta Fullt namn, Kallenamn ...
Remove ads

Historie

Tidleg historie

Klubben vart stifta som amatørklubb i 1878, under namnet Ipswich AFC. I 1888 slo dei seg saman med Ipswich Rugby Club og skifta namn til Ipswich Town. I 1936 vart klubben profesjonell og spelte i to sesongar i Southern League. I 1938 vart Ipswich vald inn i Fotballigaen, i 3. divisjon sør. Dei nådde 2. divisjon for første gong i 1954, og rykte for første gong opp i 1. divisjon i 1961. I den første sesongen i 1. divisjon, 1961/62, vart dei sensasjonelt seriemeistrar. Managageren frå 1955 til 1963, Alf Ramsey, slutta for å bli landslagstrenar for England. Etter to sesongar til i 1. divisjon rykte Ipswich ned att i 1964, men kom tilbake til 1. divisjon i 1968. Denne gongen klarde klubben å stabilisera seg på eit høgt nivå, og vart verande i 1. divisjon til 1986.

Glansdagane

Glansdagane til klubben kom i Bobby Robson si tid som manager, frå 1969 til 1982. Dei vart FA-cupmeistrar i 1978 og kom på 2. plass i serien i 1980/81 og 1981/82. Frå 1973/74-sesongen til 1982/83-sesongen kvalifiserte klubben seg til Europacup-spel kvar sesong utanom éin. Dei vann UEFA-cupen i 1981. Andre merkbare resultat frå Europacup-spel kom i 1973/74-sesongen då dei slo ut både Real Madrid og Lazio frå UEFA-cupen, og i 1979/80-sesongen då dei slo ut Skeid frå Oslo i 1. runde av UEFA-cupen. Etter at Robson forlet klubben for å ta over som landslagstrenar for England, vart klubben sine resultat raskt dårlegare, og i 1986 rykte dei ned i 2. divisjon.

Nyare tid

Ipswich Town rykte opp att til øvste nivå i 1992, i tide til å vera med i dei tre første sesongane av den nye Premier League, utan imponerande resultat, før dei rykte ned att på 2. nivå i 1995. Manageren George Burley fekk halda fram i jobben trass i nedrykket, og leia laget tilbake i Premier League i 2000, for siste gong så langt. Klubben klarde ein imponerande 5. plass i 2000/01-sesongen, men allereie neste sesong rykte dei ned att, og har spelt på 2. nivå (Division One/Football League Championship) sidan då. Den same sesongen som dei rykte ned frå Premier League kvalifiserte dei seg til Europacup-spel gjennom ein "Fair play"-plass, og spelte dermed i UEFA-cupen samstundes som dei spelte i nest høgaste divisjon heime, i 2002/03-sesongen. Manageren Burley vart erstatta av Joe Royle hausten 2002. Ipswich spelte playoff for opprykk til Premier League både i 2004 og 2005, men utan hell. Sommaren 2006 vart Royle erstatta som manager av spelaren Jim Magilton, som etter tre sesongar utan å ha fått klubben tilbake i Premier League mista jobben i april 2009. Den nye manageren vart Roy Keane.

Remove ads

Merittar

Meir informasjon TROFE, TAL ...
  • Nr. 2 i 1. divisjon: 1980/81 og 1981/82.
  • Vinnar av 2. divisjon: 1960/61, 1967/68 og 1991/92.
  • Vinnar av playoff-finale i 1. divisjon (gamle 2. divisjon): 1999/00.
  • Vinnar av 3. divisjon (sør): 1953/54 og 1956/57.
  • Beste resultat i FA Premier League: Nr. 5 i 2000/01.
  • Beste resultat i Ligacupen: Semifinale i 1982 og 1985.
  • Deltaking i serievinnarcupen (forløpar til Meisterligaen): 1962/63.
  • Deltaking i UEFA-cupen: 1973/74, 1974/75, 1975/76, 1977/78, 1979/80, 1981/82, 1982/83, 2001/02 og 2002/03.
Remove ads

Spelarstall 2010/11-sesongen

Engelske landslagsspelarar

Sidan 1878 har Ipswich hatt 12 engelske landslagsspelarar. Dei har spelt 156 kampar, og skåra 22 mål for England i desse kampane. I 145 av kampane har spelaren frå Ipswich vore med frå start, og åtte gonger har det engelske landslaget hatt ein kaptein som representerte Ipswich på klubbnivå.

Meir informasjon Nr., Landslagsspelar ...
Remove ads

Managerar

Meir informasjon Manager, Periode ...
Remove ads

Kjelder

  • Rollin, Jack (1998): ROTHMANS BOOK OF FOOTBALL RECORDS.
    Headline Book Publishing, London. ISBN 0-7472-1954-0
  • Rollin, Glenda & Rollin, Jack (2006): SKYSPORTS FOOTBALL YEARBOOK 2006-07.
    Headline Book Publishing, London. ISBN 0-7553-1526-X

Bakgrunnsstoff


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads