Irak-Iran-krigen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Iran–Irak-krigen, òg kalla den første golfkrigen, var ein krig mellom Iran og Irak som varte frå 22. september 1980 til 20. august 1988. Han blei ofte omtala som golfkrigen før Irak–Kuwait-konflikten (1990–91) som blei kjent som den andre golfkrigen, men etterkvart berre blei kalla golfkrigen.

Krigen byrja då Irak invaderte Iran 22. september 1980. Invasjonen såg i byrjinga ut til å vere ein suksess for irakarane, men etter kort tid vart dei slegne attende og konflikten utvikla seg til en lang utmattingskrig. Krigen forandra for alltid politikken i området; han hadde konsekvensar for global politikk og førte til den irakiske invasjonen av Kuwait i 1990.
Remove ads
Situasjonen før krigen
Det har i historisk tid vore rivalisering mellom ymse kongedøme i Mesopotamia og Persarriket. Den ressursrike provinsen Khuzestan (i dagens Iran) var i oldtida sentrum for Elamittriket, eut ikkje-semittiskspråkleg kongedøme med hovudstad Susa. Khuzestan har vore angripe og okkupert av forskjellige kongedømer i Mesopotamia mange gonger gjennom hundreåra.
Ein internasjonal avtale frå 1937 fastsette grensa mellom Iran og Irak. Etter at kongen i Irak blei kasta i 1958 nekta det nye nasjonalistregimet å anerkjenna dei tidligare avtalabw. Det nye Irak gav støtte til separatistar i Khuzestan og sette fram territorielle krav på provinsen.[3] Det har i historisk tid vore rivalisering mellom ymse kongedøme i Mesopotamia og Persarriket. Den ressursrike provinsen Khuzestan (i dagens Iran) var i oldtida sentrum for Elamittriket, eit ikkje-semittiskspråklwg kongedøme med hovudstad Susa. Khuzestan har vore angripe og okkupert av ymse kongedøme i Mesopotamia mange gonger gjennom hundreåra.
Remove ads
«Irak-gate»: Overføring av våpen frå USA til Irak under krigen
Vestleg støtte for Saddam under Iran-Irak-krigen hadde heilt klart vorte etablert. Det er ingen løyndom at Sovjetunionen, Vest-Tyskland, Frankrike, USA, mange vestlige selskap og Storbritannia gav militær støtte - og til og med komponentar til irakiske program for masseøydeleggingsvåpen. Rolla som USA spelte i krigen mot Iran er derimot ikkje like velkjent. Etter revolusjonen, med ayatollaane ved makta og eit anstrengt forhold mellom Iran og USA, kom realpolitikarar i Washington tidleg i krigen til konklusjonen om at Saddam var den minste av to vonde, og derfor fekk forsøk på å støtte Saddam høgaste prioritet, både under den lange krigen med Iran og etterpå. Dette førte til det som seinare er kjent som Irak-gate-skandalane.
Mykje av det Hussein fekk frå Vesten var ikkje i utgangspunktet våpen, men såkalla fleirbruksteknologi, dvs. ultrasofistikerte datamaskiner, armerte ambulansar, helikopter, kjemikaliar og liknande, med potensiell sivil bruk i tillegg til militære applikasjonar. Det er kjent at eit enormt nettverk av selskap, basert i USA og i utlandet, ivrig fora den irakiske krigsmaskinen heilt til august 1990, då Saddam invaderte Kuwait.
Remove ads
Ein krig med masseøydeleggingsvåpen
Med meir enn 100 000 iranske offer for Saddam Hussein sine kjemiske og biologiske våpen under den åtte-årige krigen med Irak, er Iran det mest utsette landet for masseøydeleggingsvåpen, berre etter Japan.
Dei offisielle anslaga inkluderer ikkje sivil folkesetnad som har blitt forgifta i grenselandsbyar eller barn og slektningar av veteranane. Mange har utvikla komplikasjonar med blod, lunger og hud, ifølge organisasjonen for veteranar i Iran.[treng kjelde]
Nervegassagentar drap rundt 20 000 iranske soldatar umiddelbart, ifølgje offisielle rapportar. Av dei 90 000 overlevande, treng 5000 jamleg medisinsk handsaming og rundt 1000 ligg framleis på sjukehus med alvorlege, kroniske tilstandar. Mange andre vart ramma av sennepsgass.
Vidare vart 308 irakiske rakettar skotne ut mot befolkningssenter i iranske byar mellom 1980 og 1988 som resulterte i 12 931 omkomne.
Til tross for fjerninga av Hussein og hans regime av amerikanske styrkar, er det djup avmakt og sinne i Iran over vestlege selskap (Vest-Tyskland, Frankrike og USA) som hjelpte Irak i å utvikle dette kjemiske arsenalet i utgangspunktet, og at verda ikkje gjorde noko for å straffe Irak for bruken av kjemiske våpen i krigen.
Irak gjorde også utstrekt bruk av kjemiske våpen mot den kurdiske sivilbefolkninga i nord under anfal-kampanjen og under angrepet på byen Halabja der minst 5 000 mennesker vart drepne.[4]
Menneskelege bølgjer brukt som våpen i Iran-Irak-krigen
Mange menneske hevdar at Iran-Irak-konflikten skapte ein spesielt fæl variant av angrep med «menneskelege bølgjer». Det iranske presteskapet, utan profesjonell militær trening, var seine med å ta i bruk og sette i verk profesjonelle militære doktrinar. Landet mangla til tider naudsynt utstyr til å bryte irakiske minefelt og var ikkje villige til å risikere sin vesle stridsvogn-styrke. Derfor vart pasdaran-styrkar og basij-frivillige ofte brukt til å sveipe over minefelt og nedgravne posisjonar som var laga av det meir profesjonelle irakiske militæret. Anklagen seier at taktikken med menneskelege bølgjer involverte barn heilt ned i niårsalderen (desse kunne ofrast). Ein anonym austeuropeisk journalist skal ha sett «titusenvis av barn, bunde saman i grupper på 20 for å hindra dei meir nervøse frå å desertere, gjere slike angrep».[5]
Det vart sagt at det var vanligare å bruke jenter for minerydding på fronten, og gutar for uvæpna «angrep». Sikre førstehands forteljingar om bruk av barn i menneskelege bølgjeangrep er derimot sjeldne. Den alvorlegaste førstehandsskildringa dukka opp i ein artikkel av den respekterte teknologi-journalisten Robert X. Cringely.[6]
Remove ads
Sjå òg
- Iran-Contras-skandalen
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Iran–Irak-krigen» frå Wikipedia på bokmål, den 2. september 2017.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads