Irbit

From Wikipedia, the free encyclopedia

Irbit
Remove ads

Irbit (russisk Ирби́т) er ein by i Sverdlovsk oblast i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Byen ligg på høgre bredda av elva Nitsa, rundt 175 km nordaust for Jekaterinburg (avstand med tog 203 km og med bil 250 km).

Kjappe fakta Land, Føderasjonssubjekt ...
Remove ads

Historie

Irbit vart grunnlagd i 1631 som Irbejevskaja Sloboda (russisk: Ирбе́евская слобода́) og namnet vart i 1662 endra til Irbit. Han fekk offisielle byrettar av Katarina den store i 1775 for lojaliteten byen synte til keisarinna under Pugatsjevopprøret i 17731774.

På 1800-talet var Irbitmarknaden ei viktig hending for handelen med sibirsk pelsverk og kinesisk te.

Næringsliv og økonomi

Under den andre verdskrigen vart ein motorsykkelfabrikk flytta hit frå Moskva. I meir enn femti år er over tre millionar IMZ-Ural motorsyklar produsert her. Fabrikken produserer no berre to tusen motorsyklar i året, dei fleste for eksport. I sovjettida vart det imidlertid produsert hundretusenvis av motorsykler her. I dag vert det produsert forskjellige motorsykkeltypar og reservedelar for dei, med spesialisering innan tunge motorsykler med sidevogner.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads