Irene Epple
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Irene Epple (fødd 18. juni 1957) er ein tysk tidlegare skirennar frå Seeg i Bayern som representerte Vest-Tyskland. Ho tok VM-sølv i utfor i 1978 og OL-sølv i storslalåm i 1980. I 1982-sesongen vann ho både storslalåm og kombinasjon i Verdscupen i alpine greiner 1982.
Remove ads
Aktiv
Epple deltok i Vinter-OL 1976 i Innsbruck og vart som best nummer ti i utfor. To år seinare vann ho sølvmedaljen i utfor under VM i alpine greiner 1978 i Garmisch-Partenkirchen. I same meisterskapen vart ho nummer fire i storslalåm, ei tevling som vart vunne av den yngre systera Maria Epple.
Under dei olympiske leikane i Lake Placid i 1980 tok Irene Epple sølv i storslalåm, slått av Hanni Wenzel frå Liechtenstein. Gjennom verdscup-sesongen 1982 viste Epple seg som den beste kvinna i både storslalåm- og kombinasjonen. Men under VM i alpine greiner 1982 i Schladming lukkast ho ikkje og enda på åttandeplass i utfor og 14. plass i storslalåm.
I tida frå mars 1980 til desember 1983 vann Epple 11 renn i verdscupen. Flest sigrar, seks i talet, kom i storslalåm, i tillegg vann ho både kombinasjons-, utfor- og super-G-renn. Gjennom sine år som aktiv oppnådde ho 44 pallplasseringar i verdscuprenn. Ho la opp i 1985, etter vedvarande skadeplagar.
I november 1994 gifta Epple seg med den dåverande finansministeren i Tyskland, CSU-politikaren Theo Weigel. Sidan har ho sjølv vore aktiv CSU-politikar på krinsnivå («Landkreis»).
Remove ads
Kjelder
- Sportsboken, aktuelle årgangar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads