Isaac Barrow
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Isaac Barrow (ca. oktober 1630–4. mai 1677) var ein engelsk matematikar og teolog.
Han studerte i Cambridge, der han i 1661 etter eit lengre utanlandsopphald vart professor i gresk, og seinare i matematikk. I 1669 overgav han professoratet til eleven sin Isaac Newton. Barrow slo seg så over på teologisk forfattarskap, og vart sidan rektor ved Trinity College og visekanslar for universitetet i Cambridge. Han var òg ein av dei store predikantane i samtida si.
Han er mest kjend for arbeida sidan innan matematikk og er ein av dei viktigaste banebrytarane for differensial- og integralrekning. I tillegg arbeidde han med optikk.
Remove ads
Kjelder
- «Isaac Barrow». Store norske leksikon. 29. november 2011.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads