Isabella Beeton
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Isabella Mary Beeton (fødd Mayson; 12. mars 1836–6. februar 1865) var ein engelsk journalist, redaktør og forfattar kjend som Mrs Beeton. Namnet hennar blir særleg knytt til den fyrste boka hennar, Mrs Beeton's Book of Household Management (1861). Ho var fødd i London. Etter å ha gått på skule i Islington i Nord-London og Heidelberg i Tyskland blei ho gift med Samuel Orchart Beeton, ein ambisiøs forleggar og redaktør.

I 1857, mindre enn eit år etter bryllaupet, byrja ho å skriva for ein av kundane til mannen, The Englishwoman's Domestic Magazine. Ho omsette fransk fiksjon og skreiv ei matlagingsspalte der oppskriftene var kopierte frå andre kokebøker eller sende inn av lesarar. I 1859 lanserte Beetons ein serie med eit månadsbilag til The Englishwoman's Domestic Magazine på 48 sider. Dei 24 utgåvene blei gjevne ut i eit samla verk som Mrs Beeton's Book of Household Management i oktober 1861, og det blei selt i 60.000 eksemplar det fyrste året. Beeton skreiv på ei forkorta utgåve av boka si som fekk tittelen The Dictionary of Every-Day Cookery, då ho døde av barselsfeber i februar 1865, 28 år gammal. Ho fødde fire barn, to av dei to døydde som spedbarn, og ho hadde fleire spontanabortar. To forfattarar som har skrive biografiar om henne, Nancy Spain og Kathryn Hughes, har framsett ein teori om at Samuel hadde fått syfilis før ekteskapet, og hadde smitta hustrua si med det.[1]
Book of Household Management er blitt redigert, revidert og utvida fleire gongar sidan Beeton døydde, og er framleis i trykk. Matskribentar har uttalt at dei etterfølgjande utgåvene av boka var betre enn den opphavlege utgåva. Fleire matskribentar, som Elizabeth David og Clarissa Dickson Wright, har kritisert verket til Beeton, særleg bruken hennar av andre sine oppskrifter. Andre, som matskribenten Bee Wilson, ser på kritikken som overdriven, og at Beeton og arbeidet hennar er ekstraordinært og beundringsverdig. Namnet hennar er blitt assosiert med kunnskap og autoritet innanfor viktoriansk matlaging og styring av heimen. Oxford English Dictionary skreiv at i 1891 var Mrs Beeton blitt eit generisk namn for autoritet i heimen. Ho hadde stor innverknad på bygginga av middelklasseidentitet i viktoriatida.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
