Isefjorden i Danmark

fjord i Danmark From Wikipedia, the free encyclopedia

Isefjorden i Danmark
Remove ads

IsefjordenNordvestsjælland i Danmark er ein om lag 35 kilometer lang og 305 km² stor fjord som går sørover frå eit smalt sund inn frå havstykket Kattegat mellom Hundested og Rørvig. Saman med Roskilde Fjord, som munnar ut i Isefjorden i nord, dannar desse to fjordane halvøya Hornsherred, med Isefjorden på vestsida og Roskilde Fjord på austsida. Isefjorden, som er ein såkalla terskelfjord ved å vere grunnare i innløpet frå havet enn elles, er i gjennomsnitt 5-7 meter djup. Den største djupna er på 17 meter, på vestsida av øya Orø. Innhaldet av salt i vatnet ligg mellom 1,6 % og 2,2 %.

Kjappe fakta Land ...

Isefjorden har fleire parti med eigne namn:

  • Nykøbing Bugt ved Nykøbing Sjælland,
  • Sidinge Fjord (som vart demma inn i 1841), ved Vig,
  • Lammefjorden,
  • Holbæk Fjord ved Holbæk
  • Tempelkrogen og
  • Jægerspris Bugt i nærleiken av Jægerspris, sør for der Roskilde Fjord munnar ut i Isefjorden.
Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads