Ising

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ising
Remove ads

Ising eller tåkerim oppstår når vassdropar i lufta frys på lekamar dei kjem i kontakt med. Dette er svært farleg for flytrafikk, sidan isen endrar dei aerodynamiske tilhøva på overflata av eit fly, og på den måten hindrar oppdrift.

Thumb
Ising på eit tre

Ikkje alt vatn frys ved 0 °C, og dette vert kalla underkjølt vatn. Desse underkjølte dropane kan føre til ising på fly, men er vanlegvis ikkje eit problem i skyer med temperatur under -20 °C. Dette kjem av at skyer med så låge temperaturar inneheld ispartiklar og sjeldan underkjølte dropar.

Ising oppstår òg på høge tårn, vindturbinar, båtar, oljeplattformar, tre og andre lekamar som er utsett for låge temperaturar og vassdropar.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads