Issy-les-Moulineaux
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Issy-les-Moulineaux er ein kommune i dei sørvestlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 6,6 km frå Paris sentrum, men har eigen bystatus, og med eit folketal på rundt 60 000 innbyggjarar fordelt på berre 4,2 km² er han ein av byane i Europa med høgast folketettleik. 1. januar 2003 vart Issy-les-Moulineaux ein del av Communauté d'agglomération Arc de Seine i lag med kommunane Chaville, Meudon, Vanves og Ville-d'Avray.
Issy-les-Moulineaux har med stort hell endra seg frå ei industriell fortid til å verte hjarte i forretningsstrøket Val de Seine, som har spesialisert seg på kommunikasjon. Trass i at folketalet i dag er på veg oppover, har Issy-les-Moulineaux fleire arbeidarar enn innbyggjarar.
Remove ads
Namn
Opphavleg vart Issy-les-Moulineaux berre kalla Issy. Namnet Issy kjem frå det mellomalderlatinske ordet Issiacum eller Isciacum, som kanskje tyder «eigedomen til Isicius (eller Iccius)», ein gallo-romersk landeigar.
I 1893 vart Issy offisielt Issy-les-Moulineaux. Les Moulineaux var namnet på grenda som låg i same området som kommunen, og namnet kjem visstnok av vindmøller (fransk moulins) som stod her i eldre tider.
Remove ads
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads