It Won't Be Wrong

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«It Won't Be Wrong» er ein song av det amerikanske folkrock bandet The Byrds, som finst på det andre albumet deira, Turn! Turn! Turn! frå 1965.[1] Han vart skriven i 1964 av bandmedlem Jim McGuinn og venen hans Harvey Gerst.[2][3] Songen vart opphavleg gjevne ut med den alternative tittelen «Don't Be Long» på B-sida til ein singel The Byrds gav ut på Elektra Records i oktober 1964 under namnet The Beefeaters.[4][5] Då songen vart spelt inn på ny i september 1965, hadde dei endra tittelen til «It Won't Be Wrong».[5][6]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Teksten er ei forholdsvis enkel bøn om at ein kjæraste må bite på den romantiske flørtinga til songaren.[7] Musikalsk peikar gitarriffet etter kvart vers framover mot raga-eksperimenteringa som ein finn i dei seinare songane til bandet, som «Eight Miles High» og «Why», som begge vart spelt inn om lag tre månader etter «It Won't Be Wrong».[6][8]

Songen vart etter kvart vald ut som B-side for singelen «Set You Free This Time» i januar 1966.[1] Singelen selde derimot dårleg, og Columbia Records byrja å reklamere for B-sida i staden, slik at «It Won't Be Wrong» klartra til 63. plass på den amerikanske singellista.[9][10] Noko liknande skjedde i Storbritannia der plateselskapet etter ein positiv omtale av B-sida, gav ut heile singelen på ny med «It Won't Be Wrong» som A-side.[1][1][11] Dette medførte derimot til forvirring i radiokanalane om kva song dei skulle spele, og dette kan ha vore medverkande til at singelen ikkje gjekk inn på listene i Storbritannia.[11]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads