Ivar Giæver

norsk–amerikansk fysikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Ivar Giæver
Remove ads

Ivar Giæver eller Giaever (5. april 192920. juni 2025) var ein norsk-amerikansk fysikar som fekk Nobelprisen i fysikk i 1973.

Kjappe fakta
Remove ads

Livssoge

Giæver var fødd i Bergen og voks opp på Østre Toten, der faren var apotekar. Etter å ha jobba eitt år ved Raufoss Ammunisjonsfabrikker studerte Giæver ved NTH, der han blei ferdig sivilingeniør i 1952. Dette året gifta han seg òg med Inger Skramstad.

To år etter at utdanninga var avslutta utvandra ekteparet til Canada, der Ivar Giæver blei tilsett i selskapet General Electric. Frå 1958 var han tilknytt forskingsdelen av selskapet.

Han studerte fysikk vidare ved Rensselaer Polytechnical Institute i staten New York. I 1964 blei han både dr.philos. og amerikansk statsborgar. Giæver forlet General Electric i 1988 og blei professor ved Rensselaer. Han blei òg utnemnd til professor ved Universitetet i Oslo, der han var gjesteførelesar kvar sommar.

Remove ads

Forsking

I tida mellom 1958 og 1969 fokuserte Giæver på elektron-tunnelering gjennom tynne isolerande filmar mellom metall som fungerte normalt og som superleiarar. Det var banebrytande arbeid innan dette felte som gav han Nobelprisen i fysikk i 1973, saman med Leo Esaki.

I 1969 studerte Giæver biofysikk i Cambridge og har sidan jobba mykje med dette området.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads