İznik
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
İznik, tidlegare Nikea (gresk Νίκαια), er ein by og eit administrativt distrikt i provinsen Bursa i Tyrkia. Byen ligg i eit fruktbart området ved austbreidda av İzniksjøen, og grensa til åsar i nord og sør. Byen ligg 90 km søraust for Istanbul i luftlinje, men langs vegen er det 200 km rundt Izmitbukta. Til Bursa er avstanden 80 km med bil.
I antikken heitte byen Nikea, og er kanskje mest kjend for kyrkjemøtet som tok stad der i 325.
Byen blei grunnlagd av den makedonske kongen Antigonos, truleg i 316 f.Kr. Han blei erobra av seldsjukkane i 1077-78 og gjenerobra av krossfararar på vegner av Austromarriket i 1097. I 1204 blei keisardømet Nikea oppretta. Det osmanske riket erobra Iznik i 1331.
Byen hadde ein 5 km lang bymur som verna seg. Mykje av muren finst framleis og er i dag eit populært turistmål. Byen har kring 20 000 innbyggjarar og har høyrt til provinsen sidan 1930.
Remove ads
Bakgrunnsstoff

Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads