Jøkulkyrkja

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jøkulkyrkja
Remove ads

Jøkulkyrkja, òg kalla Massiv Jakova Gakkelja, er eit breitt, isdekt fjell med fleire utspring, aust for Lundebreen i Mühlig-Hofmannfjella i Dronning Maud Land i Aust-Antarktis. Med ei høgd på 3148 meter over havet er fjellet det høgaste punktet i Dronning Maud Land og alle området i verda som vert rekna som ein del av Noreg.[1] Jøkulkyrkja ligg ved Prinsesse Astrid Kyst. Håhellerskarvet på 2910 moh ligg i sørvest og mellom dei to toppane ligg den 40 km lange Lundebreen, som flyt nordvestover.

Kjappe fakta Land, Fjellkjede ...
Remove ads

Oppdaging og namngjeving

Jøkulkyrkja vart kartlagd frå landmålingar og flyfoto av Den sjette norske antarktisekspedisjonen (1956–60) og namngjeve Jøkulkyrkja. Det første leddet jøkul tyder liten isbre.[2]

Den første stiginga av Jøkulkyrkja vart utført i januar 1994 av eit lag på 13 fjellklatrarar leia av Ivar Tollefsen. Den første kvinna som nådde toppen av fjellet var Merete Asak i november 2010.

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads