Jørpeland

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jørpeland
Remove ads

Jørpeland er ein by og administrasjonssenteret i Strand kommune i Rogaland fylke. Jørpeland har 7 714 innbyggjarar per 1. januar 2024, og fekk bystatus den 1. april 1998.

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Remove ads

Lokale attraksjonar

Jørpelands Brug

Inst i Vågen i Jørpeland ligg Jørpelands Brug i eit bygg frå 1883. Frå starten var det ein møbel- og trevarefabrikk i huset, men det har vorte bygd om til selskapslokale og historisk utstilling.

Preikestolen Golfklubb

Den lokale golfklubben Preikestolen Golfklubb har ein golfbane med ni hòl like ved Preikestolen. Næraste store by er Stavanger, som ein kjem til ferjesamband frå Tau i Ryfylke eller Oanes.

Galleri Skjæveland

Galleriet viser skiftande utstillingar med etablerte kunstnarar. Kunstgalleriet vert drive av den figurative målaren Stian Heimlund Skjæveland.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads