Simeonfjellet

From Wikipedia, the free encyclopedia

Simeonfjellet
Remove ads

Jabal Simeon eller Simonfjellet (arabisk جبل سمعان, Jabal Semʻān), òg kalla Laylūn (arabisk جبل ليلون), er eit høgland i Aleppo guvernement nord i Syria. Fjellet ligg i Jabal Simeon og Aʻzāz-distrikta i Aleppo guvernement.

Kjappe fakta Land, Guvernement ...
Remove ads

Namn

Namnet på fjellet kjem frå St. Simeon, ein kristen eremitt på 400-talet som levde i eit kloster på fjellet.

Det antikke namnet på fjellet var Nebo, etter den mesopotamske guden Nabu. Ordet Nebo finst framleis i namna på fleire landsbyar på fjellet (Kafr Nebbo, Nebbol, etc.).

Namnet Laylūn er av kurdisk opphav.

Landskap

Jabal Simeon er ein del av Belusmassivet vest på Aleppoplatået. Det ligg kring 20 km nordvest for Aleppo. Fjellet strekker seg 50 km frå nord til sør med ei breidd på 20–40 km og ei gjennomsnittleg høgd på 500–600 moh. Det høgaste punktet er Sheikh Barakāt (876 moh) i sørlege delen av fjellet.

Dalen ʻIfrīn går mellom Jabal Simeon og Kurd-Dagh i vest. Aʻzāzdalen markerer nordgrensa til fjellet og på andre sida ligg Aʻzāz-sletta og BarsaAintabplatået. Dalen til elva Quweiq går langs austsida av fjellet. Sør for fjella ligg Dāna og Ataribsletta. Gamle ruter knyter Qinnasrin til Antiokia og går over desse slettene til ʻIfrīndalen der han snur vestover, og skil Jabal Simeon frå Ḥārimfjella i sør.


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads