Jack

mannsnamn From Wikipedia, the free encyclopedia

Jack
Remove ads

Jack er eit mannsnamn danna som ei engelsk kortform for Jackin, eit kjælenamn for John. Jack har norsk namnedag den 25. juli.

Thumb
Jack London

Fordi namnet kan minna om Jacques, som er fransk form av Jakob, har Jack vore knytt til dette. Opphavet til dei to namna er likevel forskjellig. Jake er ei vanleg engelsk kortform av Jacob, som også er kjend under forma James.

Namnet var i utstrekt brukt som tiltalenamn for ein kvar mannsperson eller hanndyr under mellomalderen i England. Det blei etterkvart også gjeve som sjølvstendig namn. Ved byrjinga av 2000-talet var det det mest brukte namnet for gutar i England, Wales og Nord-Irland.

Jack er brukt i ei rekkje engelske eventyr og barnerim, til dømes «Jack and the beanstalk» (Jack og bønnestengelen) og diktet om «Jack og Jill».

Jack the Ripper var kallenamnet gjeve til ein ukjend seriemordar i London i 1888.

Remove ads

Namneberarar

  • Jack London (18761916), amerikansk forfattar
  • Jack Fjeldstad (1915-2000), norsk skodespelar
  • Jack Nitzsche (1937-2000), amerikansk filmmusikkomponist
  • Jack Nicholson (1937), amerikansk skodespelar
  • Jack Berntsen (1940-2010), norsk visesongar
  • Jack Bruce (f. 1943), skotsk musikar frå Cream
  • Jack Casady (f. 1944), amerikansk musikar frå Jefferson Airplane
  • Jack Johnson (f. 1975), amerikansk musikar

Sjå òg

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads