Jacob Munch
norsk målar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jacob Edvard Munch (9. august 1776–10. juni 1839) var ein norsk offiser og portrettmålar.
Munch var fødd i Christiania. Han var mellom Noregs første akademiutdanna kunstnarar, studerte 1804-06 ved kunstakademiet i København. Frå 1806 til 1813 budde han i Paris, der han var elev av den nyklassisistiske målaren Jacques-Louis David.
Munch malå ei rekke portrett av norske patrisarfamiliar i ei «stiv utgåve av den franske empirestilen». Hovudverket er Carl Johans kroning i Trondhjems domkirke frå 1818, eit måleri bestilt av det kongelege hoff. Han laga nokre få landskapsmåleri. I 1818 var han ein av grunnleggjarane av 'Den kongelige Tegneskole' i hovudstaden. Han underviste ved skulen frå 1820.
Ein del verk av Jacob Munch finst i Nasjonalgalleriet.
Remove ads
Galleri
- Kroninga av Karl Johan i 1818.
- Portrett av Alette Falsen.
- Portrett av Niels Aall
Kjelder
- Gyldendals store konversasjonsleksikon. 1972
- NBL-artikkel om Munch, skriven av Ann Fahalat.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads