Jakob Fellman
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jacob eller Jakob (òg Jaakko) Fellman (fødd 25. mars 1795 i Rovaniemi, daud 8. mars 1875 i Lappajärvi) var ein finlandsk prest og naturforskar. Han var far til Isak Fellman.
Fellman var sokneprest først i Utsjoki 1819–32 og deretter i Lappajärvi. Han preika og skreiv på samisk og var den første som i skrift nytta kemisamisk, det samiske språket som vart prata i den sørlege delen av finsk Lappland. Han hadde stor vitskapleg interesse for Lappland, noko framfor alt verket hans Anteckningar under min vistelse i Lappmarken (4 delar, Helsingfors 1906) vitnar om. Fellman skreiv om den samiske mytologien og utgav ei ordbok i 1829, etter at han vitja byarna Kuolajärvi og Sompio.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads