Jakob Fjelde

norsk amerikansk billlethoggar From Wikipedia, the free encyclopedia

Jakob Fjelde
Remove ads

Jakob Henrik Gerhard Fjelde (10. april 18595. mai 1896) var ein norsk-amerikansk bilethoggar.

Kjappe fakta

Fjelde var fødd og oppvaksen i Ålesund. Han reiste i 1876 til Kristiania (Oslo) og var elev av Brynjulf Bergslien, studerte sidan i København og Roma. Fjelde var sterkast påverka av dansken H.W. Bissen, som han lærte av under opphaldet i den danske hovudstaden. Verka hans er prega av ein slags varsam naturalisme.

Åra 1884-87 budde Fjelde i Bergen. Her laga han bystar i marmor av kjøpmann Christian Sundt og kona hans. Desse finst i Bergens Billedgalleri.

I 1887 utvandra han til US-Amerika, slo seg ned i den unge byen Minneapolis i delstaten Minnesota. Fjelde laga utkast til fleire statuar. Bronsestatua av ei lesande kvinne, Muse of History (1890), står i det offentlege biblioteket i Minneapolis. Også Ole Bull-statuen står i Minneapolis. Denne arbeidde han på då han døydde, statuen vart ferdigstøypt og avduka året etter. Fjelde laga elles fleire portrettbystar, både før han utvandra og ikkje minst i USA.

Fjelde fekk oppdraget med å lage delstaten Minnesota sitt monument til minne om eit regiment frå delstaten som deltok i borgarkrigsslaget ved Gettysburg. Dette soldatmonumentet vart i 1893 utplassert på slagmarka i Gettysburg. Han laga elles bronsegruppa Hiawatha og Minnehaha, men denne vart ikkje støypt og oppsett i Minneapolis før lenge etter Fjelde var komen i grava.

Han døydde i Minneapolis. Herman Fjelde var broren hans.

Remove ads

Kjelder

  • Norsk Allkunnebok, IV. Bandet. 1952.
  • Norsk Biografisk Leksikon.
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads