Jakob Walnum
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jakob Rosted Suur Walnum (19. mars 1851–28. april 1925) var ein norsk prest og omstreifarmisjonær frå Grimstad.
Remove ads
Walnum tok examen artium i 1870, vart cand.theol i 1877 og tok praktisk-teologisk eksamen i 1880. Han tok over som sokneprest i Leikanger etter fetteren Jakob Sverdrup i 1884.
Jakob Walnum var formann i Midtre Sogns Indremisjon, Sogns Kreds af Søndagsskoler og den nyoppretta krinsen for totalavhaldsarbeidet. Jakob Walnum engasjerte seg sterkt for omstreifarane. Han var ei sterk drivkraft bak etableringa av Sogns Barneheim i 1891. Walnum forlet prestekallet i 1897 for å gå inn i arbeidet for dei heimlause på heiltid. Same året skipa han Den norske omstreifermisjon, og vart foreininga sin fyrste generalsekretær.
Remove ads
Kjelder
- Terje Eggum (1999). Leikanger kyrkje : frå mellomalderen til idag. Leikanger: Skald forlag. ISBN 8279590099.
- Jakob Walnum i Norsk biografisk leksikon
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads