Jan Johansen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jan Johansen (fødd 3. desember 1944) er ein norsk tidlegare kajakkpadlar frå Tønsberg som saman med Steinar Amundsen, Tore Berger og Egil Søby vart olympisk meister 1968 i firarkajakk, europameister 1969, verdsmeister 1970 og vinnar av OL-bronse 1972 i same øvinga. Johansen var medlem i Tønsberg Kajakklubb.
Johansen vann elles VM-sølv 1966, EM-sølv 1969 og VM-sølv 1971 i toarkajakk i par med Egil Søby. Han vann 6 nordiske meistertitlar og i perioden 1962–83 34 NM-medaljar, fire i einarkajakk. Johansen vart tildelt kongepokalen i 1965 og Fearnleys olympiske ærespris i 1968.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads