Jan Olaf Roaldset
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jan Olaf Roaldset (fødd 28. mars 1946) er ein norsk tidlegare skihoppar frå Molde. Han vann hopprennet i Svenska skidspelen i 1968, med stor margin til toaren Topi Mattila. Same året fekk han sølv under noregsmeisterskapen i Skuibakken, berre 0,2 poeng bak gullvinnaren Bjørn Wirkola. Roaldset deltok for Noreg i Vinter-OL 1968 i Grenoble med 13. plass i storbakken og 21. plass i normalbakken.
Roaldset representerte Idrettslaget Hjelset-Fram, saman med lagkameratane Hans Jørgen Næss og Ingolf Mork vart han ofte kalla for Hjelset-trioen.
Remove ads
- 1968: Nr 1 i Svenska skidspelen i Falun. Nr 13 i storbakken under Vinter-OL
- 1970: Nr 10 i Svenska skidspelen i Falun
- Ski-NM 1965: Nr 7 i storbakken i Bærum
- Ski-NM 1967: Nr 11 i normalbakken i Mo i Rana
- Ski-NM 1968: Sølvmedalje i storbakken i Bærum
- Ski-NM 1969: Nr 5 i storbakken på Odnes
- Ski-NM 1970: Nr 5 i storbakken i Meldal
Roaldset er svigerfar til Håvard Bjerkeli.
Kjelder
- Sportsboken, aktuelle årgangar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads