Jane Mykle

norsk skribent og politikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Jane Mykle
Remove ads

Jane Mykle (13. februar 191317. juni 1995) var ein norsk dokketeaterskapar og lokalpolitikar. Ho var gift med forfattaren Agnar Mykle frå 1942 til 1957.

Kjappe fakta
Remove ads

Liv og arbeid

Mykle hadde artium, kveldsskule frå BHKS og eit år ved SHKS. Ho studerte vidare i London og Paris og arbeidde som blomedekoratør, hanskemakar m.m. Ho traff Agnar Mykle i 1939, og gifta seg med han i 1942. Etter skilsmissa i 1957 var han leigebuar hos ho frå 1963, og dei tidlegare ektefellane opprettheldt tett kontakt resten av livet.

Jane og Agnar Mykle var pionerar innan norsk dokketeater, med utdanning frå Marcel Temporal sitt Temporals institutt for dukketeater i Paris. Ekteparet Mykle skipa Norsk Dukketeater i 1949, og dei to skreiv ei lærebok i dette emnet. Norsk Dukketeater inngjekk sidan samarbeid med Folketeatret.

Mykle sat i Asker kommunestyre for SF/SV frå 1968 til 1983, og seinare i fylkestinget i Akershus.

Sonen til Agnar Mykle frå fyrste ekteskap, Arne Bust Mykle (1937–2015), arbeidde også med dokketeater, og overtok etter kvart Norsk Dukketeater saman med den dåverande kona si Bjørg Mykle. Dei utvikla blant anna barne-TV-serien om Pompel og Pilt frå 1969.

Remove ads

Prisar og utmerkingar

  • Kirke- og undervisningsdepartementets premiering for Dukketeater i 1954, saman med Agnar Mykle

Bibliografi

  • Dukketeater! (lærebok, saman med Agnar Mykle), 1954; gjeven ut på ny i 1967 og 1995

Litteratur

  • Alf van der Hagen. En annen Mykle : møter med Jane Mykle. 1994 ISBN 82-7094-695-8
  • Dukketeater underveis : familien Mykle og Norsk dukketeater. Ved Arne Bust Mykle, Tone Sinding Steinsvik og Sverre Følstad. Stiftelsen Modums blaafarveværk , 2006. ISBN 978-82-90734-36-2

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads