Jaroslav Soukup
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jaroslav Soukup (fødd 12. juli 1982) er ein tsjekkisk tidlegare skiskyttar frå Jičín. Han vann ein bronsemedalje i verdsmeisterskapen 2012 og ein ny bronse året etter. I Vinter-OL 2014 tok han både ein sølvmedalje og ein bronse.
Remove ads
Aktiv
Med eitt tilleggsminutt kneip Soukup bronsen på 20 km under VM i skiskyting 2012 i Ruhpolding. Han slo fjerdemann Andreas Birnbacher med 0,8 sekundar og var høvesvis 5,3 og 12,3 sekundar bakom vinnarane av sølv- og gull. Året etter, då VM i skiskyting 2013 fann stad i Nové Město na Moravě i heimlandet, gjekk Soukup ein av etappane for tjekkiske laget som vann bronsen på mixstafetten. Under dei olympiske vinterleikane 2014 i Sotsji sikra dei same fire tsjekkiske skiskyttarane; Veronika Vítková, Gabriela Soukalová, Soukup og Ondřej Moravec, seg sølvmedalje på mixstafetten, eit drygt halvminutt bakom det norske gullmannskapet. 11 dagar tidlegare overraska Soukup med å vinne OL-bronsen på 10-kolometeren, 0,7 sekund føre Anton Sjipulin frå Russland. Ole Einar Bjørndalen vart olympiameister i øvinga, framom austerrikaren Dominik Landertinger, dei to gjekk høvesvis 5,7 og 4,4, sekundar fortare enn Soukup.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Jaroslav Soukup (Biathlet)» frå Wikipedia på tysk, den 22. mars 2019.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads