Jean-Claude Juncker
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jean-Claude Juncker (fødd 9. desember 1954 i Redange) er ein luxembourgsk politikar som var statsminister i Luxembourg frå 1995 til 2013. Han var president i Europakommisjonen frå 2014 til 2019, og dermed leiar av Juncker-kommisjonen.
Juncker leiar det kristendemokratiske partiet Chrëschtlech Sozial Vollekspartei (Det kristlegsosiale folkepartiet). Han tok over som statsminister då forgjengaren Jacques Santer vart president for EU-kommisjonen i 1995. Han vart gjenvald ved parlamentsvala i 1999 og 2004. Ved det siste valet fekk partiet hans 36,1 % av røystene. Han regjerte i koalisjon med det sosialdemokratiske partiet Lëtzebuerger Sozialistesch Aarbechterpartei (Det luxembourgske sosialistiske arbeidarpartiet) frå 2004. Det same partiet var koalisjonspartnar før 1999. Mellom 1999 og 2004 regjerte han i koalisjon med det liberale partiet Demokratesch Partei (Det demokratiske partiet).
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads