Jegersoldat
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ein jegersoldat eller berre jeger er ein soldat i infanteriet trena og utstyrt for å angripe eller overvake fienden sine avdelingar gjennom bruk av godt trena evne til å bevege seg i vanskeleg lende og evne til å operere utan å bli oppdaga av fienden. Typiske oppgåver er flankeangrep, oppklaring eller operasjonar bak fienden sine liner.

Jegerar har tradisjonelt også drive skarpskyting, og i Noreg var jegersoldatane dei første som fekk rifler. Evne til å overleve og fungere under ekstreme verforhold var og er enda eit typisk kjenneteikn ved jegersoldatar. I dag er ikkje omgrepet jeger like avgrensa som i starten av 1800-talet, og blir no brukt om spesialtrena soldatar innan ei rekke avdelingar i Forsvaret.
Remove ads
Sjå også
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads