Jelena Prokhorova
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jelena Vladimirovna Prokhorova (fødd 16. april 1978) er ein russisk tidlegare mangekjempar frå Kemerovo som vart verdsmeister i sjukamp i 2001 og tok OL-sølv i øvinga året før.
Remove ads
Aktiv
Den 23. juli 2000 avslutta Prokhorova sitt livs beste sjukamp i Tula, der ho sanka 6 765 poeng. Under sommarleikane i Sydney to månader seinare tok ho sølvmedalje i sjukampen, 53 poeng bak britiske Denise Lewis og 4 poeng framom Natallja Sasanovitsj frå Kviterussland.
I verdsmeisterskapen 2001 i Edmonton var Prokhorova i ei klasse for seg, med 6 694 poeng var ho over 150 poeng betre enn Sasanovitsj på andreplassen. Derimot var Prokhorova sjanselaus på å forsvare VM-tittelen i sjukamp i 2003, ho enda då fjerdeplass, over 70 poeng bak bronsevinnar Sananovitsj og meir ein 500 poeng bak verdsmeister Carolina Klüft frå Sverige.
Doping
Etter å ha testa positivt på bruk av forbodne midlar, var ho av Det internasjonale friidrettsforbundet utestengd frå tevlingar i 1 år frå oktober 2005.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Jelena Wladimirowna Prochorowa» frå Wikipedia på tysk, den 8. juni 2018.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads