Jengish Chokusu
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jengish Chokusu (kirgisisk Жеңиш Чокусу), eller i Kina Tomur Feng (kinesisk 托木爾峰 /托木尔峰), er med sine 7 439 meter over havet det høgste fjellet i Tian Shan og Kirgisistan. Fjellet, som er dekt av isbrear, ligg på grensa mellom Kirgisistan og Folkerepublikken Kina, aust for innsjøen Issyk-Kul og ca. 15 km sør for Khan Tengri, den nest høgste fjelltoppen i Tian Shan.
Toppen av Jengish Chokusu vart truleg nådd fyrste gongen i 1956, då medlemer av ein ekspedisjon leia av Vitalij Abalakov kleiv til topps. Likevel kan det vere at Leonid Gutman, Jevgenij Ivanov og Aleksandr Sidorenko nådde toppunktet allereie 19. september 1938.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Dschengisch Tschokusu» frå Wikipedia på tysk, den 31. mars 2014.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads