Jenny Lind

svensk skribent og songar From Wikipedia, the free encyclopedia

Jenny Lind
Remove ads

Jenny Mari Lind (6. oktober 18202. november 1887) var ein svensk operasongar kjend som «den svenske nattergal». Alt som 10-åring byrja ho synge Vaudeville, og 18 år gamal debuterte ho. På grunn av overbelastning vart ho send til Paris, der ho studerte. Ho hadde engasjement både der og i Tyskland.

Kjappe fakta

Då ho oppheldt seg i London slost teatera om å få henne på programmet. I 1850 la ho ut på ein årelang turné til USA. Etter at ho trekte seg tilbake frå scena, var ho knytt til Royal College of Music i London. Frå 1843 var ho venninne med H.C. Andersen, som besøkte henne i 1845 i Berlin. Ho vart gift med pianisten Otto Goldschmidt (1830-1907) i 1852. Dei slo seg seinare ned i England. Jenny Lind døydde i Malvern i 1887.

Sedelen for 50 svenske kroner har bilete av Jenny Lind.

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads