Jens Lunde
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jens Lunde (24.januar 1884–13. november 1974) var ein norsk landbruksmann frå Aurland i Sogn. Han var stortingsrepresentant for Bondepartiet 1945-53.
Remove ads
Lunde gjekk skulevinterane 1901/02 Sogndal Folkehøgskule og 1902/03 ein jordbruksskule på Rikheim i Lærdal. Etter eksamen ved Noregs Landbrukshøgskule 1907, fekk han stipend og studerte saueavl i Skottland same året. Åra 1909-12 underviste han på Stend jordbruksskule, deretter var han 1912-17 fylkesagronom i Sunnfjord. Med ytterlegare studieturar til Danmark, Sverige og Tyskland i 1920 og 1931, gav han ut ei lærabok i saueavl.
I 1917 overtok Lunde farsgarden i Aurland og starta ein privat landbruksskule, seinare kjend som Sogn jord- og hagebruksskule. Denne skulen styrte han til 1923. Frå 1923 til -49 var han landbrukssekretær i Sogn og Fjordane, sidan var han landbrukssjef i fylket til 1954.
Lunde var medlem av heradsstyret i Aurland frå 1919 til 1941. Han var ordførar i heradet 1926–28 og 1936–41.
Lunde var vararepresentant frå Sogn og Fjordane og Bondepartiet i tre periodar 1931–1945. Frå hausten 1945 hadde han fast plass på Stortinget frå same valkrinsen og partiet, og vart hausten 1949 attvald for fireårsperioden 1950-53. Han var både sekretær og nestformann i Landbrukskomiteen.
Remove ads
Kjelder
- Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957
- «Jens Lunde». Stortinget.no.
- Norske landbrukskandidater. Oslo: Hanche. 1932.
- Øvre-Eide, Rasmus (1973). Stortingsval og stortingsmenn i Sogn og Fjordane 1814-1970. Sandane: Nordfjord sogelag.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads